Besøk


Om du ein mjuk sommarkveld
tek deg ein tur…
Sjå innom eit menneske
du strevar opp lia
på ulendte vegar for å treffe…
Deg sjølv

Ta deg tid til ein tur
i deg sjølv
Og gløym ikkje kjellaren.
Når du går slik og vandrar i deg sjølv
nedi kjellaren…
Kvifor er nokre rom låste




 
image