|
Skal vi danse...

Foto: Dagbladet
Skal vi danse spør TV2 meg
og eg svara ja
sidan det var fredagskveld.
Med ein flunkande ny 50 tommer flatskjerm på stua
måtte eg berre det.
Den store TV'en ville sjølvsagt vise kva han var god til
og med lyden kopla til kino-anlegget vårt
eit glass med noko raudt i på bordet
kven trengte å besøke
danseGalla tilstelninger på idrettshallar
i bygdene rundt?
Med store bilete og stoor lyd
verandadøra open
treiv eg med meg kjerringa ut på golvet
fekk liv i godfoten
og i lag med dei på skjermen
quick step og rumba
so golvteppet vart i ulage
og bikkja likeså
tenåringen kom rennande
undrande over slike øvingar
medan eg spent venta på dommarane
tørka sveitten og følte med dei på skjermen
Hans Petter og Gyda måtte ut
- Vi greidde oss, bælja eg til fruen
Bikkja…
trur du’kkje dyret demonstrativt reiste seg
kravla ned frå sofaen og tusla sin veg då.
Ein lørdagskveld etter oppskrifta
golyd og gladminner…
|
|