Inn i hausten



Eg har tråva rundt i Moldemarka fleire gonger denne siste veka.
Bikkja føre og eg hengjande på slep.
Frå Øverlandsvatnet og innover etter gode gangvegar.
Her og der
benkar og bord skore til i tømmer slik eg kunne sitje nedpå 
sjå rundt meg og undre, sjå fargane og gle meg

Måtte mest smile der eg sat
smile medan eg tenkte - Kor fint alt var laga...
Lett å kjenne igjen det hausten tok bort i

Reiste langt inn i meg sjølv og mintest
Her hadde eg stundom gått som gutungen innover.
Kom iprat med to gamle bjørketre ved sidan av meg
 Rolegare då meinte den eine av dei to gamle ved sidan av meg
Vart liv i greinane til den andre attmed
- ho hugsa meg trudde ho

Slik sat vi og mintest
eg og to gamle bjørketre ilag
ikkje særleg pratsom nokon av oss
vart slik ufred med ord

Ein våt snute opp i handa og eg såg nedi i to brune auge
reiste meg og tok farvel.
Dei gamle skjønte...
på tide å kome seg vidare
inn i hausten