Medisin i mørketida



Sit her og tenkjer…
Idag var det berre fotefar etter nokre fuglar å sjå her
stusle lite menneske, og glad er eg for det.
Tek ein sup kaffi
let blikket vandre

Medan einkvan djupt i meg sjølv
med ein nøkkel eg trudde berre var min
famlande i eit mørke eg trudde berre var mitt
låser opp rom
eg trudde lyset aldri ville sjå.
Rom djupt i meg sjølv
der berre eg og mørket
var i lag.
Kor rart då at nøkkelen heng der han skal
medan ingen rom er mørke…

Ein sup kaffi igjen
lunken kaffi
medan blikket undrande vandrar
berre havet og eg...
Ingen kvardagar








 
image