|
Inn i hausten

Eg har tråva rundt i Moldemarka fleire gonger i haust.
Bikkja føre og eg hengjande på slep.
Frå Øverlandsvatnet og innover etter gode gangvegar.
Her og der
benkar og bord skore til i tømmer slik eg kunne sitje nedpå
sjå rundt meg og undre, sjå fargane og gle meg
Måtte mest smile der eg sat
smile medan eg tenkte - Kor fint alt var laga...
Lett å kjenne igjen det hausten tok bort i
Reiste langt inn i meg sjølv og mintest.
Her hadde eg stundom gått som gutungen innover.
Kom iprat med to gamle bjørketre ved sidan av meg.
- Rolegare då meinte den eine av dei to gamle.
Vart liv i greinane til den andre attmed
- Ho hugsa meg trudde ho.
Slik sat vi og mintest
eg og to gamle bjørketre ilag
Ikkje særleg pratsom nokon av oss.
Vart slik ufred med ord
Ein våt snute opp i handa og eg såg nedi i to brune auge
reiste meg og tok farvel.
Dei gamle skjønte...
På tide å kome seg vidare
inn i hausten
|